Skogsprinsessa, 1. mai kl. 13:00

Skogen treng hjelp, er du den rette?

Bli med inn i skogsriket og opplev eit spanande vandreteater for heile familien!

Sidan eldgamle tider har skogsalvane passa på skogen vår og dei som bur i den. Dei passar på at jorda er frisk, lufta rein og at dyr og insekt gjer det dei skal. Slik går skogen rundt og held seg i perfekt balanse. No er det skogsprinsesse Alva si tur til å bli dronning, noko ho har førebudd seg på i alle år. Men… alt går ikkje som tenkt på kroningsdagen. Rykte og vonde tankar spreier seg i skogen, kor kjem dette mørkret frå? Skogen prøvar å ordne opp så godt den kan, men treng hjelp frå nokon med eit vakent blikk: menneska.

Praktisk informasjon:
Kle dykk etter vèret: Alt foregår utandørs så kle deg og dine for ver og vind. Det kan vere lurt å ha med litt å drikke og noko å ete på undervegs, om det vert behov for litt påfyll for dei minste. Vi kan kome til å bevege oss i noko ulendt terreng- ein må difor vere stødig til fots. Vi kan også anbefale å ta med sitteunderlag.

Løypa er universelt utforma, men det kan vera greitt med bæremeis for dei minste.

Hundar må vera heime denne dagen.

Oppmøte:
Varigheit: Ca 70 minutt (dette varierar noko avhengig av kva tempo gruppa går i).
Oppmøtestad: Parkeringa i Åno, (ved Loddo)
Framsyninga passar frå 3-4 år opptil ca 9

Medverkande:
Manus: Lina Taule Fjørtoft, Magdalena Kuna, Stine Svellingen, Thomas B. Brandt
Skodespelare: Thomas B. Brandt, Katrine Lovise Øpstad Fredriksen, Amalie Jensen Tolo, Stine Svellingen.
Regikonsulent: Jan Neal Holden
Kostyme, rekvisitt- og plakatdesign: Tora Troe
Kostymesyer: Julie Jensen

Eventyr i Parken er eit vestlandsbasert teaterkompani som sidan 2018 har jobba med å skape kulturopplevingar for barn og unge ute i naturen. I 2021 vart vi nominert til “Bergens beste barneoppleving” i BT, og i 2022 mottok vi Bergen Teaterforenings pris “Rampeløkten” for vårt nyskapande arbeid. Eventyr i Parken ynskjer å invitere liten og stor ut, og inn i vår verd for å sjå ting ikring oss, på ein heilt ny måte.

kr 0.00

Tomt på lager